Научная статья на тему 'When the “right” text is wrong. The interpretation of the byname of the Prince sigurđr risi'

When the “right” text is wrong. The interpretation of the byname of the Prince sigurđr risi Текст научной статьи по специальности «Языкознание и литературоведение»

CC BY
91
21
i Надоели баннеры? Вы всегда можете отключить рекламу.
Ключевые слова
SIGURðR TROLL/GIANT / BYNAME / SAMI ORIGIN / MYTHIC PATTERN / EDITING TEXT

Аннотация научной статьи по языкознанию и литературоведению, автор научной работы — Mundal Else

The author discusses the byname of King Haraldr Fairhair’s son, Sigurðr, with the Sami women, Snæfríðr. In Old Icelandic, the form is hrísi, ‘illigitime son of a free women conceived in the bushes’. In Old Norwegian, h before r fell in beginnings of words and the byname had the form risi, which is an ambiguous form when the length of the vowel is not marked, and could stand both for older hrísi and risi, ‘giant|troll’.248 https://doi.org/10.21638/11701/spbu21.2017.206The author argues that the byname means ‘giant/troll’, and that it calls forth associations to a mythic pattern and to Sigurðr’s Sami background. This interpretation is supported by the translation of risi to gigas in the Norwegian Latin chronicle, Historia Norwegie, and by the fact that the Icelander Sturla Þórðarson in his version of Landnámabók, chose the form risi. Further, the author shows how the byname is treated by editors of scholarly editions. In editions of Icelandic texts, the form hrísi is of course used. The fact that there is a Norwegian source which says that the byname meant ‘troll/ giant’ is not used to problematize the meaning. In editions of Norwegian texts printed according to the manuscripts the form risi is of course used, but in normalized texts this form is changed to hrísi. In the future, the form hrísi must continue to be used in editions of Icelandic manuscripts (except in editions of Sturlubók) since this is the only form found in the manuscripts, but a comment problematizing the meaning would be useful. In editions of Norwegian manuscripts, risi must be the correct form.

i Надоели баннеры? Вы всегда можете отключить рекламу.
iНе можете найти то, что вам нужно? Попробуйте сервис подбора литературы.
i Надоели баннеры? Вы всегда можете отключить рекламу.

Текст научной работы на тему «When the “right” text is wrong. The interpretation of the byname of the Prince sigurđr risi»

UDC 821.113.3

Else Mundal

Universitetet i Bergen

nAr den "rette" teksten er rang.

tolkinga av tilnamnet til kongssonen sigurd rise

Forfattaren diskuterer tilnamnet til sonen til Harald Harfagre, Sigurd, som han hadde med samekvinna Snofrid. I gammalislandsk er forma hrisi, uekte son av fri kvinne avla i riset'. I gammalnorsk fall h framfor r i byrjinga av ord, og tilnamnet hadde forma risi, som er ei tvitydig form nar vokallengde ikkje er markert, og kunne sta bade for eldre hrisi og for risi, 'rise/troll'. Forfattaren argumenterer for at tilnamnet tyder 'rise/ troll', og at det kallar fram assosiasjonar til eit mytisk monster og til Sigurds samiske bakgrunn. Denne tolkinga er st0tta av omsetjinga av risi til gigas i den norske latinske kronika, Historia Norwegie, og av det faktum at islendingen Sturla ^or^arson i sin versjon av Landnamabok, valde forma risi. Forfattaren viser vidare korleis tilnamnet er behandla av utgjevarar av vitskaplege utgaver. I utgaver av islandsk tekst er forma hrisi sjolvsagt brukt. Det faktum at der finst ei norsk kjelde som seier at tilnamnet tyder 'rise/troll' er ikkje brukt til a problematisere meininga. I unormaliserte utgaver av norske handskrifter er forma risi sjolvsagt brukt, men i normaliserte tekstar har forma vorte endra til hrisi. I framtida ma forma hrisi framleis brukast i utgaver av islandske handskrifter (bortsett fra Sturlubok) sidan dette er den einaste forma som finst i desse handskriftene, men ein kommentar som problematiserte tydinga, ville vere nyttig. I utgaver at norske handskrifter, ma risi, vere den rette forma.

Nykelord: Sigurd Rise, tilnamn, Samisk opphav, mytisk monster, tekstutgjeving.

Else Mundal

Bergen University

WHEN THE "RIGHT" TEXT IS WRONG.

THE INTERPRETATION OF THE BYNAME OF THE PRINCE SIGURDR RISI

The author discusses the byname of King Haraldr Fairhair's son, Sigur^r, with the Sami women, Sn^frf^r. In Old Icelandic, the form is hrisi, 'illigitime son of a free women conceived in the bushes'. In Old Norwegian, h before r fell in beginnings of words and the byname had the form risi, which is an ambiguous form when the length of the vowel is not marked, and could stand both for older hrisi and risi, 'giantjtroll'.

The author argues that the byname means 'giant/troll', and that it calls forth associations to a mythic pattern and to SigurSr's Sami background. This interpretation is supported by the translation of risi to gigas in the Norwegian Latin chronicle, Historia Norwegie, and by the fact that the Icelander Sturla torSarson in his version of Landnämabök, chose the form risi. Further, the author shows how the byname is treated by editors of scholarly editions. In editions of Icelandic texts, the form hrisi is of course used. The fact that there is a Norwegian source which says that the byname meant 'troll/ giant' is not used to problematize the meaning. In editions of Norwegian texts printed according to the manuscripts the form risi is of course used, but in normalized texts this form is changed to hrisi. In the future, the form hrisi must continue to be used in editions of Icelandic manuscripts (except in editions of Sturlubok) since this is the only form found in the manuscripts, but a comment problematizing the meaning would be useful. In editions of Norwegian manuscripts, risi must be the correct form.

Keywords: SigurSr Troll/Giant, byname, Sami origin, mythic pattern, editing

text.

I denne artikkelen vil eg ta opp träden frä eit tidlegare arbeid, "Sigurd hrisi eller Sigurd risi?" [Mundal, 2003]. Der drefta eg tydinga av tilnamnet til den sonen av kong Harald Härfagre som pä moderne norsk vert omtalt som Sigurd Rise. Dette var ein av sonene kong Harald hadde med samekvinna Snofrid. I norrone kjelder, gammalislandske og gammalnorske, har dette tilnamnet to former, hrisi og risi. Forma med h i framlyd er nesten einerädande i islandske handskrifter medan forma utan h i framlyd er brukt i norske. Som eg tidlegare har argumentert for, er det mykje som tyder pä at forma hrisi (uekte son av fri kvinne avla i riset)1 har kome inn i det islandske materialet som ei mistolking av den gammalnorske forma av tilnamnet, risi ('rise/troll')2. Dette kunne lett skje sidan den norske skriftlege forma, risi, etter bortfallet av h i framlyd framfor r, när vokallengde ikkje var markert, vart tvitydig, og kunne stä bäde for eldre risi og hrisi. I munnleg tale var det framleis skilnad mellom orda i norsk sidan det eine ordet hadde kort rotvokal, det andre lang.

I det folgjande vil eg gje eit kort oversyn over materialet, men hovud-vekta vil liggje pä ei drafting av korleis denne mistydinga i dei islandske tekstane vert handtert, eller heller burde ha vore handtert, när tekstane

1 Hrisi har same tyding som hrisungr. Det er det siste ordet, men utan h i framlyd, som vert brukt i det norske lovspräket. Hrisi (norsk risi) er ikkje brukt i det norske lovspräket, men ei feminin form, risa, finst brukt i Eldre Frostatingslov VIII, 8, noko som gjer det sannsynleg at forma risi ogsä har funnest.

2 Dette synet har seinare fätt st0tte av Jurij Kusmenko [Kusmenko, 2013, s. 181].

vert gjevne ut i vitskaplege utgäver, og eg stiller sp0rsmälet kor opplagt det mä vere at vi har med ei mistyding ä gjere, for dette, pä ein eller annan mäte, bor kome fram i dei vitskaplege utgävene. Til slutt vil eg understreke at det faktisk er viktig ä fä fram att den opphavlege og rette tydinga av dette tilnamnet, for det var eit meiningsberande og symbol-

tungt tilnamn som plasserte beraren i eit mytisk monster.

***

I islandske kjelder kan tilnamnet hrisi (skrive med h i framlyd, men oftast utan markering av vokallengde) folgjast attende til slutten av 1100-talet, kanskje lenger. I skaldediktet Noregs konunga-tal, diktet som var laga til «re for islendingen Jon Loptsson, som nedstamma frä det norske kongehuset pä morsida3, er Sigurd, son til Harald Härfagre, nemnd i str. 42 to gonger, forste gongen har tilnamnet forma risi, og seinare i same strofa forma hrisa (gen.). Den forste forma, med lang i, kunne sjä ut som ei norsk form av hrisi4. Men seinare i same strofa inngär tilnamnet i rimet: var Halfdan/hrisa arfi5, og her vert dä den islandske forma sett inn. Kanskje har det vore eit poeng for den anonyme skalden ä bruke ei norsk form i diktet til den islandske slektningen av det norske kongehuset. Ei norsk form og ei islandsk form av tilnamnet i same strofe kan ha vore meint som eit morosamt poeng i diktet til Jon som var halvt norsk og halvt islandsk. Men i alle fall kan det ikkje vere tvil om at skalden har meint at tilnamnet var hrisi när ein ser dei to for-mene i samanheng6.

I Islendingabok moter vi ogsä tilnamnet til Sigurd i forma hrisi. Dette var ikkje nodvendigvis den forma som fanst i handskriftet som det läg fore frä Aris hand, men sidan begge dei unge bevarte avskrif-tene av Islendingabok (frä 1600-talet) har forma hrisa (oblikv form) i genealogien til kong Harald Hardräde i kapittel 9, er det rimeleg ä tru at i alle fall forelegget for desse handskriftene frä rundt 1200 har

3 Mor til Jon var i>ora, frilledotter til kong Magnus Berrf0tt.

4 Ein kan ikkje vere sikker pä at aksenten alltid er brukt som lengdeteikn, den kan ogsä vere brukt til ä skilje ut vokalen, eller rett og slett litt tilfeldig, som när den trykk-lette i (i arfi) har fätt aksent, medan hrisa, som skulle ha aksent, ikkje har det.

5 Den norsk-islandske skjaldedigtning AI, s. 584.

6 Diktet er overlevert i den unge Flayeyjarbok (1370-talet), men at forma utan h i framlyd skulle ha kome inn under den skriftlege traderinga er mindre sannsynleg enn at ho skriv seg frä den opphavlege skalden.

hatt det same, og mest sannsynleg ogsä Islendingabök som ho var frä Aris hand. Seinare er det forma hrisi vi finn i islandske handskrifter, i kongesogehandskrifter som for eksempel Heimskringla7 og Morkin-skinna8. Ogsä i Ägrip, som det no er stor semje om er eit norsk verk, men som berre finst i eit islandsk handskrift, finn ein forma hrisi9. Forma er brukt i seinare store samlehandskrifer som Flateyjarbök10, og forma hrisi finst i handskriftene av Landnämabök11 (Hauksbok frä forste tiära 1300-talet og Skarösarbok frä 1600-talet), men med eitt viktig unntak. Det kan sjä ut som Sturla Eoröarson har retta tilbake til "norsk form", risi12. Sturla skreiv truleg sin versjon av Landnämabök i dei siste leveära sine, han doydde i 1284. Sturlas forelegg har vi ikkje, men han har bygt pä ein eldre versjon av Landnämabök av Styr-mir Karason som gär under namnet Styrmisbok, som vi kan gä ut frä hadde forma hrisi i samsvar med islandsk tradisjon. Det er sjolvsagt teoretisk mogeleg at Sturla har meint ä setje inn ei norsk form av hrisi, men han hadde ingen spesiell grunn til ä gjere det, slik som skalden av Nöregs konunga-tal hadde. Sturla hadde heller ikkje for vane ä setje inn norske former av namn og tilnamn pä nordmenn elles i Sturlubok. Det er difor grunn til ä rekne med at forma risi er meint som ei reell retting av hrisi i forelegget.

Rettinga til Sturla er viktig for tolkinga av tilnamnet, for av Land-näma-redaktorane var Sturla nok den som hadde best kjennskap til det norske kongehuset. Sjolvsagt hadde ogsä Haukr, redaktoren av Hauksbok, etter sine lange opphald i Noreg13, sv^rt god kunnskap om norske forhold og norsk spräk, men Sturla stod nok i ei s^rstilling med sitt n^re forhold til den norske kongen Magnus Lagaboter, forfattar av to

7 I Heimskringla I, s. 126, 128 og 310; Heimskringla II. s. 423, 437.

8 Morkinskinna, s. 56.

9 Ägrip, s. 5, 37.

10 Flayeyjarbök I, s. 28; Flateyjarbök II, s 12, 533; Flateyjarbök III, 288, 352.

11 Landnämabök, s. 374.

12 Sturlubok brann i den store brannen i Kobenhavn i 1728, men finst i ei avskrift frä midten av 1600-talet. Det er usannsynleg at den islandske skrivaren frä 1600-talet ville setje inn risi dersom det stod hrisi i forelegget. Det er säleis all grunn til ä rekne med at denne forma skriv seg frä Sturla.

13 Haukr Erlendsson er nemnd som lagmann pä Island i 1294. Rundt 1301 kom kan til Noreg, og ikkje mykje seinare vart han lagmann i Noreg, f0rst i Oslo og seinare i Gulating til rundt 1322. I denne perioden reiste han fleire gonger att og fram mellom Island og Noreg. Etter 1322 er han borte frä kjeldene i sju är, og ein har gätt ut frä at han i denne perioden er pä Island. Han d0yr, truleg i Noreg, i 1334.

kongesoger (Hâkonar saga Hâkonarsonar og Magnüss saga lagabœtir), nœrt samarbeid med kongen om lovgjeving, og to opphald i Noreg, det forste ganske langt (1263-1271), det seinare kortare (sommaren 1278), i alle fall det forste, kanskje begge, for Sturlubok vart skriven. Nar Sturla retta fra hrisi til risi er det derfor grunn til a tru at han meinte a vite at denne Sigurd hadde eit tilnamn som tydde 'rise/troll'. At det nettopp er Sturla som rettar tilnamnet mot forelegget og den islandske tradisjonen, er det saleis grunn til a leggje vekt pa.

Norske handskrifter som har forma risi, utan h i framlyd, gjev ikkje sa mange belegg pa tilnamnet som dei islandske handskriftene, men vi har slike former i handskriftene av Fagrskinna14 og i det norske handskriftet av Olafs saga helga15, som gjerne vert omtalt som Legen-dariske saga. Isolert sett er desse norske formene ikkje sikre belegg pa at tilnamnet tyder 'rise/troll', for i motsetning til Sturlas form, risi, som er eintydig i islandsk, er dei norske formene tvitydige sa lenge vokallengde ikkje er markert. Men vi har likevel ei norsk kjelde som eintydig fortel at tilnamnet ma ha vore risi og ikkje hrisi. Vi finn nemleg Sigurd omtala (under namnet Siwardus) i den norske latinske kronika Historia Norwegie fra ca. 1160-1175, og bade i kapittel 11 og i kapittel 15 vert tilnamnet gjengjeve som gigas, 'kjempe'. I kapittel 15 er det norske tilnamnet, Risi, nemnt, og deretter star den latindske omsetjunga: Siwardus Risi (it est Gigas), "Siwardus Risi (that is giant)". Det kan ikkje vere tvil om at dette er ei omsetjing av eit tilnamn som hadde tydinga 'rise/troll'.

Det er sjolvsagt teoretisk mogeleg at det er forfattaren av Historia Norwegie som identifiserer forma risi med feil ord. I utgava av Historia Norwegie (2003) drofer utgjevaren, Lars Boje Mortensen, tilnamnet. Han meiner at det rette tilnamnet var hrisi, men at forfattaren av Historia Norwegie medvete har endra tilnamnet for a dekkje over at kong Harald Harfagre hadde illegitime born. Lars Boje Mortensen ser dette i sa-manheng med ein moraliserande tendens hja forfattaren som forer til at han heller ikkje nemner dei mange konene til kong Harald Harfagre16. Det er vel mogeleg at ein slik moraliserande tendens finst i verket, men sporsmalet er jo om Sigurd var sett pa som illegitim pa det tidspunktet tilnamnet vart gjeve. Rett nok hadde kong Harald Harfagre mange ko-

14 Fagrskinna (i Islenzk fornrit), s. 71, 226.

15 Olafs saga helga, s. 6.

16 Historia Norwegie, 2003, s. 198-99.

ner, men i heiden tid var fleirgifte tillate, og Sigurd var vel korkje meir eller mindre illegitim enn storparten av den store barneflokken til kong Harald Harfagre.

Omsetjinga av tilnamnet risi til gigas er ikkje enkel a bortforklare, men det har likevel vorte gjort. I droftinga av tilnamnet viser Lars Boje Mortensen til tidlegare forskarar som har konkludert med at forfattaren av Historia Norwegie tek feil. Dei vanlege forklaringane har vore at han berre har kjent tilnamnet fra norske skriftlege kjelder (som ville vere tvitydig nar ikkje vokallengde var markert), eller at forfattaren var ut-lending og hadde manglande kompetanse i norront sprak17. Eg skulle heller tru at forskarane som har kome til at forfattaren av Historia Norwegie tok feil, har vore blinda av den islandske forma hrisi, og eigentleg ikkje vurdert om det er den som kan ha kome inn i teksttradisjonen ved ein feil. At bade forfattaren av Historia Norwegie og Sturla i>6r9arson skulle ta feil av kva tilnamnet tydde i Noreg, er svœrt lite truleg. Etter mitt syn kan ein ikkje sja bort fra ei sa klar utsegn som den ein finn i Historia Norwegie, kap. 15: Siwardus Risi (id est Gigas), 'Sigurd Rise (det tyder kjempe)'.

Kva har ein sa gjort med tilnamnet til Sigurd, son til Harald Harfagre og samekvinna Snofrid, nar tekstane der namnet finst, skal gjevast ut i vitskaplege utgaver? Praksis har vore at ein i normaliserte tekstar har sett inn den forma av tilnamnet som er nesten eineradande i islandsk, hrisi. Omsetjingar til ulike sprak har lagt denne forma til grunn, og der-med har mistydinga spreidd seg. I norsk, og til dels i andre skandina-viske sprak, har forma 'rise' vore brukt som ein freistnad pa a gje det utdoydde ordet hrisi ei moderne skandinavisk form, med den folgje at folk flest har identifisert det med det ordet dei kjenner, 'rise' i tydinga 'troll, og den rette tydinga har dermed vorte gjeninnford gjennom ei mistyding nummer to.

I islandske verk der forma hrisi er gjennomford, er det sjolvsagt i samsvar med filologiske utgjevingsprinsipp at denne forma vert brukt. At forma etter alt a dome har kome inn i islandsk ved ei mistyding, spelar lita rolle sa lenge dette er den forma som finst i handskriftma-terialet, da er dette den "rette" forma i ein vitskapleg tekst, sjolv om det er grunn til a tru at ho er rang. Men det spors om ikkje ein liten fotnote som kunne kaste lys over forholdet, ville vere pa sin plass,

17 Historia Norwegie, 2003, s. 197.

kanskje spesielt i utgaver av eit norsk verk som Âgrip (bade normalisert og unormalisert) ville ein merknad om at tilnamnet opphavleg ma ha hatt ei form utan h i framlyd vere nyttig. Om det vil vere rimeleg eller 0nskjeleg om ein utgjevar tek stilling til kva tyding tilnamnet har, vil nok vere avhengig av kor viktig ein meiner tydinga av tilnamnet er, og kor fyldig noteapparat det er lagt opp til. Men dersom ein utgjevar f0rst gar inn pa ei drafting her - i notane eller eventuelt i eit f0reordt — ville eg finne det rimeleg at han nemnde korleis tilnamnet vart omsett i Historia Norwegie, for dette verket gjev, etter mitt syn, nœrmast det ein kan kalle fasit pa svaret.

I strofa fra Nôrege konunga-tal, der tilnamnet ser ut til a ha norsk form den eine gongen det er brukt, og islandsk den andre, begge med tydinga 'uekte son av fri kvinne avla i riset' vil det sj0lvsagt vere rett a normalisere til hrisi nar teksten skal gjevast ut normalisert (som Finnur Jonsson ogsa gjorde i den retta teksten av skaldedikta). Men ei anna sak er at den ukommenterte normaliseringa dekkjer over noko som truleg har vore eit poeng for skalden, nemleg a bruke ei norsk form.

Som nemnt er det i handskriftene av Landnâmabôk at det finst to former av tilnamnet til Sigurd. Eitt handskrift — avskrifta av Sturlubok — har forma risi, og Hauksbok og SkarQsarbok har hrisi. Finnur Jonsson gav ut alle Landnâmabôk-tekstane unormalisert (1900). Her har sj0lv-sagt Sturlubok-teksten forma risi, men forma er ikkje kommentert, og vi kan difor ikkje sja om utgjevaren meiner at tilnamnet her har ei anna tyding enn elles i den islandske tradisjonen, eller om Sturla brukar ei "norsk" form som i prinsippet kan vere tvitydig. Men Finnur Jonsson meinte truleg at dei norske formene utan h i framlyd stod for risi, ordet med same tyding som hrisungr. Han har ein annan stad avvist den beste kjelda for tydinga 'troll', Historia Norwegie, og gjeve uttrykk for at forfattaren tok feil fordi han var utlending [Finnur Jonsson, 1923, s. 599].

I îslenzk fornrit er Landnâmabôk-tekstane gjevne ut normalisert. Her er det eit sp0rsmal korleis namnet burde normaliserast, sidan Stur-lubok, som har forma risi, er rundt ein generasjon eldre enn Hauksbok som har forma hrisi, og forma risi star dermed 0vst i stemmaet om ein ser alle dei bevarte Landnâma-redaksjonane som eitt verk. No har utgjevaren, Jakob Benediktsson, valt a normalisere tilnamnet til Sigurd som hrisi. Han lagar i denne utgava fellestekst for Sturlubok og Hauksbok i dei tilfella der det ikkje er nemneverdige tekstlege avvik, og i det aktuelle kapittelet er dei to redaksjonane sa godt som likelydande. Nar

han har valt a folgje forma i Hauksb6k, har han nok resonnert som sa at sidan Haukr ikkje folgjer forelegget Sturlub6k, sa har han folgt det andre forelegget han nemner, Styrmisb6k (eldre enn 1245, aret Styr-mir doydde), som ein ma ga ut fra har hatt forma hrisi sidan denne forma elles er eineherskande i islandske kjelder. Om Ari har hatt noko med den forste Landnämabök a gjere, som er ei vanleg oppfatning, er det jo ogsa naturleg a sja forma av tilnamnet til kongssonen Sigurd i Landnäma-redaksjonane i samanheng med forma tilnamnet har i Is-lendingabök — og som nemnt har begge avskriftene av Islendingabök forma hrisi. Sidan det er all grunn til a tru at det er forma hrisi som har funnest i Landnäma-redaksjonane fra opphavet av, og at det er Sturla som rettar mot teksten i eit eldre forelegg og dermed forer inn det som sett gjennom augo til ein edisjonsfilolog er ein "feil", har utgjevaren, Jakob Benediktsson, sitt pa det torre sjolv om han vrakar den forma av tilnamnet som star ovst i stemmaet i dei bevarte Landnäma-redaksjo-nane. Jakob Benediktsson nemner i notane at Sturlub6k har forma risi, men om han dreg den konklusjonen at tilnamnet har ei anna tyding i Sturlub6k enn i dei andre redaksjonane, gar ikkje fram. Truleg har Jakob Bendediktsson, som Finnur J6nsson, meint at risi var ei tvitydig norsk form, og at begge formene av tilnamnet tydde det same. Men i det islandske materialet er dette ei sapass avstikkande form at den nok burde ha fort til refleksjonar hos utgjevarane som vart vidareformidla til lesarane, sœrleg sidan den islandske forma risi, som berre kan tyde 'rise/troll', har stotte i Historia Norwegie.

Nar Sturlub6k har vore utgjeven som del av verket Landnämabök, ser vi at forma risi nœrmast har vorte usynleggjort. Men Landnäma-bok er eit komplisert verk a gje ut som ein fellestekst av fleire redak-sjonar, eigentleg er det umogeleg sidan redaksjonane i lange parti har ulik tekst, og i store parti gjev Jakob Benediktsson ogsa Sturlub6k og Hauksb6k ut som parallelltekst. À gje ut kvar redaksjon for seg er der-for eit godt alternativ. I ei normalisert utgave av Sturlubok aleine, vil det, etter mitt syn, ikkje finnast nokon som helst grunn til a normali-sere forma risi til hrisi.

I utgaver av dei norske handskriftene som har forma risi, vil ein sjolvsagt finne denne forma i unormaliserte utgaver, som til domes i Finnur J6nssons utgave av Fagrskinna (1902-1903). Men i namneregisteret, der Finnur J6nsson forer opp normaliserte former, finn vi forma hrisi, og

som alt peikt pa, meinte han dette var den rette forma og at omsetjinga til gigas i Historia Norwegie bygde pa ei mistolking.

I Olafs saga hins helga, eller den sakalla Legendariske saga, gjeven ut av Oscar Albert Johnsen (1922) finst ogsa tilnamnet i forma risi. I denne utgava har utgjevaren valt ei slags "norsk" normalisering av namn som i islandsk har h framfor r, og tilnamnet har ogsa forma risi i namneregisteret. Den korte i-en som rotvokal kunne kanskje tyde pa at utgjevaren meinte tilnamnet hadde tydinga 'rise', men sidan ikkje eit ord er sagt om dette, er det vanskeleg a dra slutningar om kva utgjevaren har meint.

Fagrskinna er ogsa gjeven ut i serien îslezk fornrit. Her er forma risi kort og godt normalisert til hrisi utan ein einaste kommentar. Sj0lvsagt er risi i norsk ei tvitydig form, og teksten der forma er brukt, kan isolert sett ikkje gje svar pa kva som er rett eller rang tolking. I slike tilfelle b0r utgjevarane ikkje blindt f0lgje det som har vorte ei tradisjonell islandsk form, men l0fte blikket og sja pa om det finst haldepunkt utanfor den aktuelle teksten for kva tilnamnet til Sigurd, son til Harald Harfagre, tyder. Etter mitt syn har vi slike haldepunkt. Som peikt pa her, gjev den latinske omsetjinga av tilnamnet, gigas, 'kjempe' i Historia Norwegie det utvitydige svaret at tilnamnet ma ha hatt tydinga 'rise/troll', og denne tydinga vert st0tta av den rettinga Sturla har gjort i Sturlubok. Â avfeie Historia Norwegie og a ga ut fra at Sturla, akkurat nar det gjeld tilnamnet til Sigurd, berre har valt a bruke ei norsk form, og eigentleg ikkje har retta teksten, er for lettvint. I utgaver av dei norske handskrif-tene finst det i framtida ingen som helst grunn til a halde fram med a normalisere den tvitydige forma risi til hrisi. I islandske utgaver som har former med h i framlyd, vil hrisi sett med edisjonsfilologiske augo framleis vere den "rette" forma, men det vil vere rimeleg at lesa-rane vert gjorde merksame pa at den "rette" forma h0gst sannsynleg er rang.

No kan ein sp0rje seg om det spelar noka rolle om denne sonen til kong Harald Harfagre og samekvinna Sn0frid hadde eit tilnamn som tydde 'rise/troll', eller eit tilnamn som tydde 'uekte son av fri kvinne avla i riset'. Tolkinga av eit tilnamn er sj0lvsagt ein liten detalj i teksten, men detaljar kan vere viktige, og i det aktuelle tilfellet er den vesle detaljen som tilnamnet er, faktisk symboltung.

Som Gro Steinsland peikte pa i doktoravhandlinga si, Det hellige bryllup og norr0n kongeideologi (1991), f0rte norske kongar og jarlar

slekta tilbake ikkje berre til ein gud, men ogsä ei jotunkvinne, og dette opphavet i jotunverda var ikkje mindre viktig for legitimeringa av kongemakt enn opphavet i gudeverda. Som ho ogsä peikar pä, kunne kvin-ner som stod utanfor samfunnet pä ein liknande mäte som jotunkvin-ner, t.d. tralkvinner, fylle jotunkvinnerolla när det mytiske m0nsteret vart gjenteke i det virkelege livet gjennom kongens alliansar med kvin-ner som normalt ikkje kunne aksepterast som "gode gifte" i det norrene samfunnet.

Som eg tidlegare har pr0vt ä vise, kunne samekvinner gä inn i jotunkvinnerolla i det mytiske m0nsteret [Mundal, 1996, s. 105; Mundal, 1997.] Det norske samfunnet og samane, som levde i utkantane av dette, vert när samane er omtalte som risar, jotnar og liknande, plasserte i det mytiske m0nsteret Midgard — Utgard. Det er liten tvil om at i det nor-r0ne samfunnet var det mytiske m0nsteret der alliansen mellom gud og jotunkvinne stod som opphavet til konge^tter, velkjent; og det er ogsä overvegande sannsynleg at kongens ekteskap med kvinner utanfor det norr0ne samfunnet, t. d. ei samekvinne, vart oppfatta som ei gjen-skaping av det mytiske m0nsteret, og at avkomet derfor vart sett som s^rleg lovande. Sigurds tilnamn, risi, er etter alt ä d0me meint ä under-streke opphavet hans i det samiske samfunnet som kunne fungere som ein parallell til jotunverda. Etter at Harald Hardräde kom til makta, vart Sigurd, son til Harald Härfagre og Sn0frid, stamfar til det norske konge-huset, og betydninga av det mytiske m0nsteret har vorte ytterlegare ak-tivisert18. Ein kan heller ikkje sjä heilt bort frä at tilnamnet vart lansert f0rst pä dette tidspunktet.

Det er sterke grunnar til ä tru at Snorri säg dette mytiske m0nsteret i ekteskapet mellom kong Harald Härfagre og Sn0frid. I si framstil-ling av forteljinga om kongen og Sn0frid i Heimskringla skriv han av teksten i Ägrip n^rmast ord for ord, men i teksten sin gjer han ei endring som gjer det klart at han ser, og ynskjer ä understreke, det mytiske m0nsteret i forteljinga: Han set inn overskrifta "Frä Sväsa jptni", 'About Svasi the giant', der han fortel om Sväse, far til Sn0frid, og det f0rste m0tet mellom kongen og samekvinna. Sväse, far til Sn0frid, er dels kalla jotun, dels dverg og dels finnekonge i Snorris teks. I Ägrip er Sväse berre omtalt som finn, som var det norske ordet for same. Snorri

18 Harald Hardräde var if0lgje genealogiane i fleire kongesoger son til Sigurd Syr som igjen var soneson til Sigurd Rise.

har etter alt a d0me hatt den tradisjonelle islandske forma av tilnamnet til Sigurd Rise, hrisi. Det er i alle fall denne forma som finst i seinare avskrifter av Snorris tekst. Det er mogeleg at han ikkje kjende den norske tydinga. Han brukte Âgrip, som er eit norsk verk, men det einaste handskriftet vi har av Âgrip, er ei islandsk avskrift, og har forma hrisi, Snorri har truleg ogsa hatt ei islandsk avskrift av Âgrip, og problemet med den tvitydige forma, som ma ha funnest i den opphavlege norske skriftlege teksten, har difor ikkje sprunge han i augo. Det er mogeleg at han oversag at ogsa tilnamnet til Sigurd inngjekk i det mytiske m0n-steret som han sag og tydeleggjorde i omtalen av Svase. Det kan ogsa tenkjast at han meinte tilnamnet hrisi ville kunne fungere i det mytiske m0nsteret. Men det ville ikkje gje like klare assosiasjonar til dette my-tiske m0nsteret som nar foreldra tilh0yrde to ulike etniske grupper (nordmenn og samar), eller representerte dei absolutte motsetningane pa den sosiale rangstigen (konge og trœlkvinne), og berre risi, ikkje hrisi, ville knyte beraren av tilnamnet til den samiske folkegruppa. Da Sigurd fekk tilnamnet risi, anten det skjedde da han var ein ung mann og vart sett som eit lovande kongsemne, eller han fekk tilnamnet et-ter at Harald Hardrade kom pa trona, hadde namngjevinga den same funksjonen som da Snorri seinare framstilte morfar til Sigurd, Svase, som jotun. Det er eit tilnamn som skal vekkje assosiasjonar til det my-tiske m0nsteret og til samefolket.

Det ser ut for at innf0ringa av forma hrisi i det islandske materiale har vore med pa a takeleggje at Sigurd gjennom tilnamnet sitt vart sett under det same mytiske overlyset som ekteskapet mellom foreldra, kong Harald Harfagre og samekvinna Sn0frid. Men pa norsk omrade har dette truleg vore klart, og tilnamnet risi var ei stadig paminning om at det norske kongehuset hadde slektsr0ter i to folk, det norske og det samiske.

SOURSES

Âgrip af Nôregskonunga sçgum. I îslenzk fornrit, 29. Red. Bjarni Einarsson. Reykjavik, Hiô islenzka fornritafélag, 1984. Den norsk-islandske skjaldedigtning. A I, AII, tekst efter hândskriftene. Red. Finnur

Jonsson. K0benhavn, Gyldendal, 1912, 690 s. + 541 s. Den norsk-islandske skjaldedigtning, B I, B II, rettet tekst. Red. Finnur Jonsson. K0benhavn, Gyldendal, 1915, 690 s. + 610 s.

Fagrskinna — Nöregs konunga tal.1984. I Islenzkfornrit, 29. Red. Bjarni Einarsson. Reykjavik: Hiô Islenzka fornritafélag, s. 55-373.

Fagrskinna. Nörega konunga tal. Red. Finnur Jonsson. K0benhavn, Samfund til Udgivelse af Gammel Nordisk Litteratur, 1902-03, 415 s.

Flateyjarbök, I. Red. C. R. Unger og Guôbrandur Vigfusson. Christiania, P. T. Mal-lings Forlagsboghandel, 1860, 583 s.

Flateyjarbök, II. Red. C. R. Unger og Guôbrandur Vigfusson. Christiania, P. T. Mal-lings Forlagsboghandel, 1862, 701 s.

Flateyjarbök, III. Red. C. R. Unger og Guôbrandur Vigfusson. Christiania, P. T. Mallings Forlagsboghandel, 1868, 697 s.

Heimskringla, I. I Islenzk fornrit [Icelandic ancient texts] 26. Red. Bjarni Aôal-bjarnarson. Reykjavik, Hiô islenzka fornritafélag, 1979 [1941], 405 s.

Heimskringla, II. I Islenzk fornrit, 27. Red. Bjarni Aôalbjarnarson. Reykjavik, Hiô islenzka fornritafélag, 1979 [1945], 481 s.

Historia Norwegie. Red. I. Ekrem og L. Boje Mortensen. K0benhavn, Museum Tusculanum Press, University of Copenhagen, 2003, 245 s.

Islendingabök. I Islenzk fornrit, 1. Red. Jakob Benediktsson. Reykjavik, Hiô islenzka fornritafélag, 1968, s. 1-28.

Landnämabök, I-III. Red. Finnur J6nsson. K0benhavn, Thiele bogtrykkeri, 1900, 403 s.

Landnämabök. I Islenzkfornrit, 1. Red. Jakob Benediktsson. Reykjavik, Hiô islenzka fornritafélag, 1968, s. 29-397.

Morkinskinna. Red. Finnur J6nsson. K0benhavn, Samfund til Udgivelse af Gammel Nordisk Litteratur, 1932, 479 s.

Olafs saga hins helga. Red. O. A. Johnsen. Kristiania, Jacob Dybwad, 1922, 115 s.

REFERENCES

Finnur J6nsson. Den oldnorske og oldislandske litteraturs Historie [The history of Old Norwegian and Old Icelandic literature], vol. II. K0benhavn, Gad, 1923 [1901], 994 s.

Kusmenko J. Sami as giants and dwarves in Old Scandinavian literature. L'Image du Säpmi [Picture from Samiland], III. Ed. by K. Andersson (Humanistica Oerebroensia. Artes et Lingue [Arts and Languages], 17). Göteborg, 2013, s. 168-201.

Mundal E. The Perception of the Saamis and their religion in Old Norse sources. Shamanism and Nothern Ecology. Ed. by J. Pentikäinen. Berlin, New York, Mouton de Gruyter Publ., 1996, pp. 97-116.

Mundal E. Kong Harald Harfagre og samejenta Sn0frid. Samefolket sin plass i den norske rikssamlingsmyten [King Haraldr Fairhhair and the Sami girl Snœfriôr. The role of the Sami people in the myth about the unification of Norway]. Nordica Bergensia,14. Bergen, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen Publ., 1997, s. 39-53.

Mundal E. Sigurôr hrisi eller Sigurôr risi? [Sigurôr hrisi or Sigurôr risi?]. Nordica Bergensia, 29. Bergen, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen Publ., 2003, s. 5-14.

Steinsland, G. Det hellige bryllup og norr0n kongeideologi. En analyse av hierogami-myten i Skirnismal, Ynglingatal, Haleygjatal og Hyndluljôd [The holy wedding and Old Norse ideology of kingship. An Analysis of the myth of hieros gamos in Skirnismal, Ynglingatal, Haleygjatal and Hyndluljôd]. Oslo, Solum Forlag, 1991, 366 s.

For citation: Mundal E. When the "Right" text is wrong. The interpretation of the byname of the prince Sigurdr Risi. Scandinavian Philology, 2017, vol. 15, issue 2, pp. 248-260. https://doi.org/10.21638/11701/spbu21.2017.206

Else Mundal

Professor,

Centre for Medieval Studies, Bergen University, P.O.Box 7800 5020 Bergen Norway E-mail: Else.Mundal@uib.no

Received: 16.06.2017 Accepted: 30.07.2017

i Надоели баннеры? Вы всегда можете отключить рекламу.